Trudde dei skulle sleppe å bli koronaruss

Årets russekull i Måløy håpa på ei normal russefeiring, men no blir også dei koronaruss. Denne helga starta dei ei forsiktig feiring, godkjend av smittevernlege og politi.

Raudrusspresident Nora Nordbø og blårusspresident Benedicte Angelshaug Krabbestig.  Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Nyheter

– Eg såg for meg at vi kom til å ha ei normal russetid. For det blei spøkt med i fjor at dei var koronakullet, og at det var synd på dei, seier raudrusspresidenten ved Måløy vidaregåande skule, Nora Nordbø.