Vil tilby gratis feire for familiar som har dårleg råd: – Alle skal kunne få oppleve ein form for ferie

– Alle skal få mogelegheit til å ta nokre dagar fri og ha det kjekt saman med andre. Velkomen til ferieleirane i 2021!

  Foto: Røde Kors

Nyheter

Det skriv Sogn og Fjordane Røde Kors på sine heimesider. Tiltaket er retta mot familiar som slit økonomisk over tid.

– Fordi alle skal kunne få oppleve feriekjensla, skriv dei.

Røde Kors ynskjer at flest mogeleg born skal oppleve fritid og delta i leik. På grunn av svak økonomi, er det i dag mange føresette som ikkje har mogelegheit til å gje borna dei sosiale opplevingane dei treng. Gjennom "Ferie for alle" vert born gitt mogelegheit til å reise på ferie saman med sine foreldre på lik linje med andre jamaldrande.

Ferie for alle er eit gratis tilbod til barnefamiliar som har streva økonomisk i meir enn tre år, og som ikkje har anna tilsvarande tilbod om ferie. Familiane må ha minst eitt barn i alderen 6 – 13 år, klare seg sjølv utan tett fagleg oppfølging, og kunne kommunisere på norsk utan behov for tolk.

Sommarleiren er i Fjaler i Sogn.

Praktisk informasjon

Familiane bur i UWC sine internatbygg på Haugland i rom med opp til fem soveplassar og eige bad. Sengetøy og handklede følgjer med romma. Det er høve til å vaske klede. Frukost, lunsj og middag serverast i kantinebygget, og enkel kveldsmat vert tillaga av dei frivillige i aktivitetshuset.

  • Røde Kors ordnar med transport for dei som ikkje kan køyre sjølve.
  • Frivillige frå Røde Kors er ferievertar under opphaldet.
  • Foreldra har ansvar for barna sine.
  • Leiren er rusfri og gjestane må rette seg etter Røde Kors sine prinsipp og reglar på leirstaden.
  • Tildeling av plass føreset at familien er med alle dagane leiren varer.
  • Tal plassar avhengig av gjeldande smittevernreglar i juli.