240 i karantene og ventekarantene

Ein ny koronasmitta lærar ved Raudeberg skule, men alle testar frå ungdomsskulen er negative

Etter at kommuneoverlege Jan Helge Dale har fått svar på ein stor del testar frå laben i Helse Førde, kan han onsdag kveld konkludere med både ein god og ein mindre god nyheit.

Onsdag er fleire prøver frå elevar og lærarar ved Vågsøy ungdomsskole klare.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det er ingen fleire smitta ved Vågsøy ungdomsskole etter prøvene som var tatt tysdag. Men ved Raudeberg skule har nok ein lærar testa positivt.

– Alle prøvene rundt Vågsøy ungdomsskole er negative. Ingen av nærkontaktane har testa positivt, seier Dale til Fjordenes Tidende, og legg til:

– Så det ser ikkje ut til å vere smitte på ungdomsskulen. Men klassen blir karantene i ti dagar, og må teste seg ut av den.

Det er også eit fåtall prøver frå elevar som testa seg onsdag som enno ikkje er klare.

Situasjonen er derimot litt annleis for den andre ramma skulen. Her er det nemleg ein ny positiv test.

– Her har ein lærar testa positivt blant dei prøvene som blei tekne tysdag. Det utløyser 23 nye nærkontaktar som har gått i karantene, og 60 nye i ventekarantene.

Smittevegene er kjente, men det er likevel eit stort volum, og slik blir det når smitten kjem inn på skulane, seier Dale.

– Så no er ein ny klasse i karantene. Heile andre og femte klasse er dermed i karantene. Dei 23 skal testast i morgon.

240 i karantene eller ventekarantene

Til saman er no cirka 100 i karantene framleis, og cirka 140 i ventekarantene.

– Nokre kjem til og nokre går ut, men til saman er det altså rundt 240 barn og vaksne i ein eller annan form for karantene akkurat no, seier Dale.

Er alle prøver tatt så langt no analysert?

- Eg har fått bekrefta ved legekontoret at alle som blei testa der tysdag er analysert, og negative. Men så blei det testa ei ny gruppe onsdag, etter at den nye eleven blei stadfesta smitta tysdag, og det skal testast ei ny gruppe i morgon, torsdag, rundt den nye læraren som er smitta, seier Dale, som peikar på at ingenting kjem overraskande sidan miljøa er kjende.

Og det kan også vere at det kjem fleire positive prøver. Derfor vil han igjen oppfordre folk til å vere litt ekstra forsiktige og halde seg i ro i dagane som kjem.

– Dette er ikkje tida for store sosiale eksperiment. Og terskelen skal vere låg for å teste seg om ein får symptom. Det er forkjølelsessesong, men ikkje konkluder med det, om du føler deg dårleg. Då går du og testar deg. Heller ein test for mykje enn ein for lite.

Han har så langt ikkje høyrt noko om forgreiningane til Stad kommune. Men i og med at alle testane frå ungdomsskulen var negative, kan det sjå ut som om den greina er mindre smitteførande, meiner Dale.


Jostein blei smitta på jobb: – Alt styret eg har påført andre er verre å tenke på enn at eg er smitta av korona

Jostein Hals vart smitta av korona medan han var på jobb. – Det verste er å tenke på alt styret eg har påført mange i Vågsøy som må i karantene, som må teste seg, som må halde seg heime og som har blitt smitta, seier han.



Eit nytt barn på Vågsøy har testa positivt. – No må vi vere ekstra forsiktige, seier smittelegen

Eit barn på Vågsøy har testa positivt på korona. Dette er den fjerde personen som er smitta av det muterte koronaviruset. No seier kommuneoverlegen at alle må vere veldig forsiktige.



Dale er glad og letta: Alle 60 som testa seg i går var negative

Ingen av dei 60 elevane, lærarane og nærkontaktane som testa seg måndag, etter at ein tilsett ved Raudeberg skule testa positivt for covid-19, var smitta.



I Måløy er nå 55 personer i karantene og 171 personer i ventekarantene

Det lille utbruddet i Måløy-området har fått store ringvirkninger. I forbindelse med at tre personer har fått påvist koronasmitte sitter nå over 200 i karantene og ventekarantene.



To nye smitta av korona i og rundt Måløy – då er to skuleklassar i karantene

Ein elev ved Vågsøy ungdomsskole har testa positivt på eit mutert koronavirus. No må ei klasse og lærarane som har hatt dei i ti dagar karantene.



Elever og ansatte på to skoler i Måløy må holde seg hjemme etter ny utvikling i smittesituasjonen

En klasse med elever og lærere ved Vågsøy ungdomsskole i tillegg til elever og ansatte ved Raudeberg skole må holde seg hjemme fra skolen etter en positiv hurtigtest.



Har registrert ny positiv prøve fra Kinn

Det har kommet inn enda en positiv prøve fra Kinn kommune hos Helse Førde.



Alle danseelevane i nabokommunen blir no definert som nærkontaktar og må teste segkorona

Den positive testen ved Vågsøy ungdomsskole måndag kveld utløyser også testing og karantene i nabokommunen ettersom eleven også er medlem i kulturskulen i Stad.