Henriette Holter har ti år bak seg som meklar i Oslo. Etter å ha blitt bitt av surfebasillen, pendla ho til Stadlandet fleire gonger for året for å halde på med hobbyen sin. Til slutt hoppa ho i det og flytta vestover for å bu også. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Henriette valde vekk storbyen for eit liv med meir fridom i kvardagen. Og ikkje minst surfing

Eigedomsmeklar Henriette Holter frå Sarpsborg kom til Stadlandet for å surfe første gong for 14 år sidan. Ei oppleving ho aldri gløymte. No har ho tatt med seg sambuaren, leigd hus på Stadlandet og begynt i ny jobb i Sparebanken Sogn og Fjordane.