Ein person har testa positivt i Stad etter kontakt med smitte i Ålesund

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19.

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Tysdag kveld viser resultat frå testing gjort på Nordfjordeid måndag, at éin person har testa positivt for covid-19.

Det er Stad kommune som melder dette i ei pressemelding.

- Denne personen har vore i karantene etter nærkontakt med ein smitta person frå Ålesund og fekk no positivt svar på testen som vart tatt mot slutten av karanteneperioden. Éin person i same husstand er sett i karantene og vert testa. Smittesporinga er avslutta, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.