To nye smitta i dag, ein på Raudeberg og ein i Bremanger

Tysdag er det to nye personar som er smitta av korona, ein på Raudeberg og ein i Bremanger.

Den smitta i Kinn kommune er i familie med nærkontaktar etter utbrotet på Raudeberg skule.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det opplyser kommunelege i Kinn kommune, Jan Helge Dale til Fjordenes Tidende tysdag kveld.

Men dette var ikkje uventa. Begge personane har vore og er i karantene.


Kom to nye smittetilfelle då nærkontaktane skulle teste seg ut av karantene

Status for koronautbrotet i Måløy laurdag kveld er at det er påvist to nye smittetilfelle. Dette var som forventa ifølgje kommuneoverlege Jan Helge Dale, som no ser enden på testing, karantene og ein travel kvardag.


Personen som fekk påvist smitte på Raudeberg er i nærkontakt med ein familie der det har vore smitte. Her er det kontroll på alle personane. Den smitta må vere i isolasjon, og personar rundt denne er i ventekarantene og skal testast i morgon.

– Personen i Bremanger kom frå ei anna kommune der det har vore smitte. Vedkommande har gjort alt rett og har vore i karantene. I går hadde denne personen vore i karantene i sju dagar og skulle teste seg for tredje gong. Dei to første var negative. Men den tredje testen i går var positiv. Det betyr at personen må i isolasjon i ti dagar, seier Dale.


240 i karantene og ventekarantene

Ein ny koronasmitta lærar ved Raudeberg skule, men alle testar frå ungdomsskulen er negative

Etter at kommuneoverlege Jan Helge Dale har fått svar på ein stor del testar frå laben i Helse Førde, kan han onsdag kveld konkludere med både ein god og ein mindre god nyheit.


Her er personar som har vore i kontakt med den smitta sett i ventekarantene, og dei skal teste seg i morgon.

Dale seier at dei reknar med at dei kan komme fleire smitta på Raudeberg, personar som har vore i kontakt med smitta.

– Men så lenge alle gjer det dei skal, er forsiktige og held seg i karantene så vil vi få kontroll på smitten, seier Dale.

Kommuneoverlegen oppmodar folk å vere forsiktige, følgje smitteråd og ha lav terskel for å teste seg dersom ein har symptom.

Dale seier at det var rundt 40 personar i nordre Kinn som testa seg i går.

Svar på testane i Florø kjem ikkje før seinare i kveld, så her kunne ikkje Dele seie noko då vi snakka med han klokka 20.45 tysdag kveld.