Helene har takka ja til toppjobben

NHO har tilsett Helene Frihammer (43) som ny regiondirektør for NHO Vestlandet. Ho kjem frå stillinga som nasjonal koordinator i Klimapartnere og har tidlegare vore konsulent og prosjektleiar i Capgemini med kundar innan olje og gass, reiseliv og finansnæringa.
Nyheter

– Vi er veldig stolte over denne tilsetjinga og over å få Helene på laget. Ho har vore sentral i utviklinga av partnarskapen for grøn næringsutvikling nasjonalt og har eit solid nettverk på Vestlandet innan næringsliv, politikk og organisasjonsliv. Vi har gjennomført ein svært grundig og omfattande prosess og ser fram til at Helene kan starte hos oss 1. august, seier områdedirektør Christian Chramer, som er ansvarleg for NHO sine ti regionkontor.