Ny person i isolasjon etter nærkontakt med smitta

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19, melder kommunen torsdag kveld.

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19, melder kommunen torsdag kveld.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

- Torsdag kveld viser resultat frå testing gjort på Nordfjordeid onsdag, at ein ny person har testa positivt for covid-19. Personen har vore i karantene etter nærkontakt med ein smitta person i same husstand. Ein nærkontakt er sett i karantene og vert testa. Smittesporinga er avslutta, seier kommuneoverlege Thomas Vinge Vedeld.


Ein person har testa positivt i Stad etter kontakt med smitte i Ålesundvingen vevdeld

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19.


Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

For Kinn og Bremanger kommunar rapporterer kommuneoverlege Jan Helge Dale at det ikkje er nye smittetilfelle torsdag kveld.