Feira dagen i lag: Bytta kyrkjeklokkene ut med spett

Utanfor speidarhuset i Måløy var fleire samla laurdag for å vere med på gudsteneste for å markere 1. mai. Og det blei gjort på speidarvis. For i staden for å ringe med kyrkjeklokkene, slo speidarleiar Mats Brunsvik på spett for å starte gudstenesta.

Markerte 1. mai: Utanfor speidarhuset i Måløy var fleire samla i dag for å vere med på gudstenesta. I staden for å ringe med kyrkjeklokkene slo speidarleiar Mats Brunsvik på spett for å starte gudstenesta. frå venstre Mats Brunsvik og prest Beate Folkestad Osdal.  Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Nyheter

– Det er ingen vanleg gudsteneste, så det er ein del på programmet som blir gjort meir på speidarmåten, smiler prest Beate Folkestad Osdal.