Tre nye positive prøver og to covid-19-pasientar innlagt

Det siste døgnet analyserte laben ved Helse Førde 159 koronatestar. Dei fann tre positive prøver, frå Kinn, Høyanger og Sogndal.

Det siste døgnet analyserte laben ved Helse Førde 159 koronatestar. Dei fann tre positive prøver, frå Kinn, Høyanger og Sogndal.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Den positive prøven frå Kinn opplyste kommuneoverlege Jan Helge Dale om allereie fredag kveld. Dette handlar om ein nærkontakt knytt til utbrotet ved Raudeberg skule. Vedkommande er allereie i karantene, og det utløyser ingen nye nærkontaktar. Det er heller ingen smitte ved skulen lenger, og alle elevar og lærarar er tilbake i vanleg gjenge frå måndag.


Ny person knytt til utbrotet har testa positivt. Men barneskulen er no fri for smitte

Fredag kveld kan kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale, opplyse at nok ein person, knytt til utbrotet som spreidde seg til Raudeberg skule, har testa positivt.


Fredag 23. april: 2 nye av 243 analyserte prøver

Laurdag 24. april: 5 nye av 217 analyserte prøver

Søndag 25. april: 1 ny av 147 analyserte prøver

Måndag 26. april: 1 ny av 182 analyserte prøver

Tysdag 27. april: 3 nye av 306 analyserte prøver

Onsdag 28. april: 1 ny av 193 analyserte prøver

Torsdag 29. april: 2 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 30. april: 3 nye av 159 analyserte prøver

Ved Helse Førde er det no innlagt to pasientar grunna koronasjukdom. Ein av dei er under 18 år.