20-årige Frithjof har ein uvanleg lidenskap: Han får gamle sko til å skine og bli gode som nye

Det meste av fritida til Frithjof Silden frå Holvik går nemleg med til å halde ved like sko og andre lærprodukt. I januar tok han til og med steget og etablerte si eiga bedrift, Silden Skopleie.

Frithjof Silden frå Holvik har gjort hobbyen til jobb. Frå verkstaden i heimbygda tek han imot sko som han pussar opp og reparerr.  Foto: Frithjof Silden

Nyheter

– Heilt sidan eg fekk mine første par finsko har eg alltid prøvd å få dei endå finare. Eg kjøpte inn meir og meir utstyr, kremar og filler, og pussa det eg fann som var laga av skinn rundt om i huset. Eg tok alle skoa til pappa og mine eigne. Til slutt var det ikkje fleire skitne sko igjen i huset, så då måtte eg finne på noko, seier han.