På veg ut av koronaen: Her kan du sjå korleis arbeidsløysetala er lokalt

Talet på arbeidsledige i Vestland er no på same nivå som i oktober, det lågaste sidan landet stengde ned i fjor vår. I april er 11.530 personar, eller 3,4 prosent av arbeidsstyrken, registrerte som heilt ledige.

Talet på arbeidsledige i Vestland er no på same nivå som i oktober, det lågaste sidan landet stengde ned i fjor vår. I april er 11.530 personar, eller 3,4 prosent av arbeidsstyrken, registrerte som heilt ledige.  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Arbeidsløysa i Vestland ligg dermed under landsgjennomsnittet på 4 prosent. Halvparten av kommunane har 2,5 prosent eller lågare arbeidsløyse. I Bergen kommune er 6423 personar heilt ledige, noko som svarar til 4,1 prosent av arbeidsstyrken.