I Stad legg dei no om rutinene for bestilling av vaksinasjon

I Stad kommune er dei i rute etter det nasjonale vaksinasjonsprogrammet. Men no må folk bestille time sjølve via link på melding frå kommunen.

Glad: Kommuneoverlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld er nøgd med god vaksineoppslutning i kommunen.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– No er vi i ferd med å bli ferdige med vaksinering av gruppa på 65 år og eldre og er byrja å vaksinere dei under 65 med alvorlege underliggande sjukdommar, seier kommuneoverlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld.

I følgje tal frå FHI er no over 2500 personar i Stad kommune vaksinerte.

Kommunen får leveransar av vaksiner kvar veke.

– No kom det varsel rett før helga om at vi får 33 hetteglas i veke 19. Det vil seie 198 vaksinedosar, seier Vingen Vedeld.

Mengda dosar har variert. Dei siste tre vekene har mengda på leveransane vore større og heilt opp i noko og 50 glas.

– Vi håpar at vi skal få større mengder slik det er varsla nasjonalt. Vi har fått beskjed om at vi skal få levert to til tre gangar så mykje som vi har fått tidlegare, seier kommuneoverlegen.

Sender ut tekstmelding

– Vi har hatt veldig god oppslutning. Dei aller fleste takkar ja, og det er vi veldig glade for, fortel Vingen.

Dei har hatt som mål å kome i kontakt med alle over 65 år.

– Vi har strakt oss ganske langt for å få tak i dei i risikogruppa og dei med underliggande sjukdommar. Vi ringjer til dei svarer, seier kommuneoverlegen.

Då dei no skal byrje å vaksinere dei under 65 år utan underliggande sjukdommar, vil dei ikkje ha like høge ambisjonar om å få tak i kvar enkelt. Vingen fortel at det ikkje er alle som tek telefonen når dei ringjer.

– Men vi prøvar så godt vi kan å få tak i dei. Vi er glade for at folk flest tek telefonen med ukjent nummer. Det gjer det enklare for oss, legg han til.

No vil dei invitere gruppene, men det er opp til kvar enkelte å bestille time. Kommunen vil sende ut tekstmelding kor ein kan melde seg på via ein link.


Letter på rådene for fullvaksinerte

Regjeringen letter på rådene for fullvaksinerte etter anbefaling fra Folkehelseinstituttet. I private hjem kan fullvaksinerte ha nær sosial kontakt (under 1 meter) med andre fullvaksinerte. De kan også ha nær sosial kontakt med uvaksinerte som ikke er i risikogrupper. I det offentlige rom er råd og regler like for både vaksinerte og uvaksinerte.



Tre av fire trur pandemien varer minst eit halvt år til

I ei måling blant over 30.000 nordmenn svarer berre ein av fire at dei trur koronapandemien er over innan eit halvt år.



100 har ikke tatt telefonen

– Husk å ta telefonen selv om det er ukjent nummer. Det kan være vaksineteamet som ringer

Leder for vaksineteamet i Måløy-området av Kinn kommune, Jeanette Jensen, ser med bekymring på at de ikke alltid når folk når de skal ringe og varsle om vaksine.