No får fullvaksinerte ha nærkontakt med kvarandre og slepp smittekarantene

Regjeringa gir lette for folk som er fullvaksinerte. Dei får ha nærkontakt med andre fullvaksinerte og slepp å gå i smittekarantene.

«I private hjem kan fullvaksinerte ha nær sosial kontakt (under 1 meter) med andre fullvaksinerte. De kan også ha nær sosial kontakt med uvaksinerte som ikke er i risikogrupper. I det offentlige rom er råd og regler like for både vaksinerte og uvaksinerte», skriv regjeringa i ei pressemelding.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

«I private hjem kan fullvaksinerte ha nær sosial kontakt (under 1 meter) med andre fullvaksinerte. De kan også ha nær sosial kontakt med uvaksinerte som ikke er i risikogrupper. I det offentlige rom er råd og regler like for både vaksinerte og uvaksinerte», skriv regjeringa i ei pressemelding.

To dosar er nødvendig for fullgodt vern.

– Vi har stadig sikrare kunnskap om at vaksine vernar godt mot å bli alvorleg sjuk og mot å smitte vidare. Den kunnskapen må vi bruke til å lette på tiltak der det er mogleg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Sjølv om vernet er godt, er det likevel mogleg å bli smitta av covid-19 for vaksinerte. Det er òg mogleg for vaksinerte å smitte andre.

– Ute blant folk kan ein ikkje vite om det er uvaksinerte personar i risikogruppa i nærleiken. Så lenge det er mange som ikkje har dette vernet i samfunnet, og sidan vaksinerte i ein del tilfelle kan bli smitta og smitte andre, må råd og reglar vere like for alle i det offentlege rommet, seier Høie.