No kan du søke sommarjobb som fiskar

Er du mellom 12 og 25 år kan du i sommar få prøve deg som fiskar gjennom ungdomsfiskeordninga til staten.

Ungdom mellom 12 og 25 år kan i sommar på nytt få prøva seg som fiskar gjennom den ungdomsfiskeordninga til staten.  Foto: Erling wåge

Nyheter

– Sjømatnæringa er ei viktig framtidsnæring for Norge, og regjeringa er oppteken av at rekrutteringa til fiskaryrket blir halden oppe og styrkt. Ungdomsfiskeordninga har som mål å gje ungdom erfaring frå yrket som fiskar, og føresetnader for å sjå potensialet i denne yrkesvegen, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.