Om alt går etter planen, kan dette bli kulissene i ein ny norsk dramaserie kalla «Selja»

Denne veka speler produksjonsselskapet TV Inter inn pilot-episoden av det som kan bli ein ny norsk dramaserie for barn på NRK. Med serietittelen «Selja» får klosteret på øya med same namn ein sentral plass i satsinga.

Kan bli ny serie: Tysdag var produksjonsselskapet TV Inter på plass på Selja. Der starta dei arbeidet med ein pilot-episode som dei håper vil slå an i NRK. Om dette skjer vil den nye dramaserien «Selja» om litt rulle over norske TV-skjermar.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Produksjonsselskapet står bak fleire kjente program på norske kanalar, mellom anna TV-pastoren, Fride på skipet og Tårnagentene. Sistnemnde var ein stor suksess på NRK Super og handla om magi, mystikk og reiser i tid med handlinga lagt til jula. Manus var av Odd Ketil Sæbø og Einar Matre, den same duoen som no håpar å få gjennomslag for påske-dramaserien «Selja».