Opprettar eigne klinikkar for seinskadar etter koronasmitte

Rundt 10 prosent av dei som har vore smitta av korona kan oppleve seinfølgjer. No kjem snart eigne klinikkar for å følgje opp pasientar med seinfølgjer.

Opp mot 10 prosent av dei som har vore koronasmitta slit med seinfølgjer.   Foto: Marit Hommedal/NTB /NPK

Nyheter

Fleire som har vore smitta med koronaviruset opplever langvarige plager etter sjukdommen, som til dømes tung pust, trøyttleik eller nedsett lukte- eller smakssans.