Den nye smitta var vaksinert. Hadde allereie fått sin første dose

Prøvesvar tysdag kveld viser at ein ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid mandag. Personen var allereie i gang med vaksinering, og hadde fått første dose.

Prøvesvar tysdag kveld viser at ein ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid mandag. Personen var allereie i gang med vaksinering, og hadde fått første dose. Arkivfoto.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

– Personen er helsepersonell og tilsett på dagsenteret ved Hogatunet. Vedkommande er vaksinert med første dose av AstraZeneca-vaksinen i mars i år. Det finst ein sannsynleg smitteveg. Nærkontaktar vert sett i karantene og testa onsdag. Dagsenteret held stengt inntil vidare. Brukarar ved dagsenteret er fullvaksinerte og tilsette har fått fyrste vaksinedose. Det vert likevel gjort ei utvida kartlegging med testing blant brukarar og tilsette, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.


To nye positive prøver. Ein er frå Stad kommune

Helse Førde sin lab melder om to nye positive prøver, frå Stad og Sunnfjord.


Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

I Stad legg dei no om rutinene for bestilling av vaksinasjon

I Stad kommune er dei i rute etter det nasjonale vaksinasjonsprogrammet. Men no må folk bestille time sjølve via link på melding frå kommunen.



No får fullvaksinerte ha nærkontakt med kvarandre og slepp smittekarantene

Regjeringa gir lette for folk som er fullvaksinerte. Dei får ha nærkontakt med andre fullvaksinerte og slepp å gå i smittekarantene.