Flagga skal sjølvsagt vaie på nasjonaldagen

– Å spare pengar på flagging på rådhusa er ikkje det rette å gjere

– God 17. mai til alle, og ja, det vert flagga på rådhusa! Slik innleier kommunedirektør i Kinn, Terje Heggheim, 17. mai-helsinga si i fredagsbrevet han sender ut ved kvar vekeslutt.

– Det har vore skrive litt om manglande flagging på tidlegare flaggdagar no i mai. Vi tek kritikken som har kome, og ser at det å spare pengar på flagging – ikkje er det rette å gjere. Det vil ikkje skje igjen, og det vil bli flagga som normalt på rådhusa både i Florø og Måløy heretter. Det gjeld sjølvsagt på den komande nasjonaldagen også, seier han.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Han har fanga opp at det har vore litt kritikk av manglande flagging, og fortel at kommunen har tatt det til etterretting.