John Terje er på sin tredje Porsche: – Folk her veit at dette er ekte lidenskap og genuin interesse

Ifølgje John Terje Hamre (49) er folk i lokalmiljøet slutta å bry seg med at han køyrer rundt i ein Porsche GT 2. – Dei veit det er lidenskap, seier han.

Eit smykke av ein bil: John Terje Hamre med sin Porsche GT 2, fotografert på vegenden utanfor Selje. – Det er toppmodellen til Porsche, ein samlebil som det berre finst om lag 600 att av på vegane rundt om i verda, fortel eigaren. Bilen er ein 2008-modell, men heilt strøken.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Porschen til Hamre må være ein av dei råaste bilane som går på vegane i Nordfjord. Vi var med ein køyretur i nærområdet kring Selje sentrum, og fekk erfare at bilen er ei køyremaskin utan like. Med 530 hestekrefter under panseret og eit dreiemoment på 680 newtonmeter sparka det ifrå så det heldt. I feil hender er bilen farleg. Hamre kan då også fortelje at bilen har tilnamnet «widowmaker». Oversett til norsk - ein bil som gjer kvinner til enker.