Bli med og feire 17. mai på fjt.no

Skal du ete is heile dagen? Eller vere med i båtkortesje? Send oss bilde av din 17. mai!

Det blir ei annleis 17. mai-fering i år også, men vi i Fjordenes Tidende har lagt opp til at mykje skal skje på nettsida vår, fjt.no, på nasjonaldagen. Og vi vil gjerne ha di hjelp også!

Send oss bilde av din 17. mai! Bildet er tatt under 17. i Bremanger i 2019.  Foto: Kjell Aga Ulvestad

Nyheter

Vi vil gjerne sjå kva alle der ute i Kinn, Stad og Bremanger gjer på på nasjonaldagen.

Planlegg du å spise is heile dagen, eller pølse med brød? Skal du ut og sjå på nokre av dei arrangementa som skjer, eller skal du vere heime framfor skjermen? Uansett kva du gjer på, send oss eit bilde! Vi kjem til å ha ein stor bildeserie frå lesarane som vi oppdaterer fortløpande.

Vi gler oss til å høyre fra dykk!

Du kan merke bilda dine med #fjtno på Instagram eller sende dei til fjt@fjt.no.

I samarbeid med Kinn, Stad og Bremanger kommunar og 17. mai-komiteane rundt omkring vil vi også publisere saker, videoar og bildeseriar frå heile dekningsområdet til Fjordenes Tidende. Det blir talar, kransenedleggingar, korpsmusikk, korsong og glimt frå smått og stort som skjer denne dagen.


Del bilder fra dagens feiring med Fjordenes Tidende

Send oss eit bilete eller ein video frå dagen!


Det aller meste av det som blir publisert på fjt.no på nasjonaldagen vil ligge ope og tilgjengeleg for alle.