No kan det snart bli lettare for ungdom å reise i kommunen

Bremanger kommune får nemlig 100.000 kroner til lokale transporttilbod for ungdom.

Eit av vilkåra er at reisene skal vere opne for alle i målgruppa.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det er Vestland fylkeskommune som har innvilga pengane til kommunen.

Frå før av har Bremanger kommune 16.769 kroner til gode frå ei tidlegare tildeling. Det betyr at kommunen nå har over 116.000 kroner til transporttiltak for ungdom.

Under ser du kva vilkår kommunen må ta omsyn til:

  • Midlane skal nyttast til fleksible transporttilbod, det vil seie bestillingsruter, der oppslutnaden er avgjerande for om ruta går
  • Reisene skal vere opne for alle i målgruppa

  • Reisene skal i hovudsak gå på ettermiddag og kveld på kvardagar. Reiser på andre tidspunkt må vere gjort greie for i søknaden, og godkjent ved tilsegn om tilskot

  • Reisene skal gå til/frå nærområda i kommunen. Hovudregelen er at reisene skal gå i Sogn og Fjordane. Minner også om at midlane ikkje skal nyttast på turar som inneber overnatting

  • Transporttenester kan berre kjøpast frå dei som har godkjent løyve for persontransport

  • Skyssen må ikkje leggje seg i direkte konkurranse med det ordinære kollektivtilbodet. Det er forventa at ein når det er mogleg, nyttar seg av allereie eksisterande ruter.

  • Det skal etablerast ei prosjektgruppe med ungdomsrepresentasjon som har ansvar for å organisere skyssen. Gruppa skal sjå om det er mogeleg å få inn midlar også frå andre (t.d. kommunen eller frivillige organisasjonar). Vidare må prosjektgruppa bestemme kva brukarane skal betale for skyssen, og ta ansvar for at skysstilbodet held seg innanfor dei midlane ein har til rådvelde

  • Kommunen får utbetalt tilskotet og er «bank» for prosjektet