Politiet åtvarar om nettovergrep mot barn. Har oppretta 18 saker berre siste halvår

Politiet i Sogn og Fjordane har den siste tida sett mange overgrepssaker mot barn over internett, og oppmodar no foreldre om å følge med på kva barna gjer på nett.

Politiet åtvarar foreldre om overgriparar som tek kontakt med barn på sosiale medium, og ber foreldra følge med på kva barna deira gjer på internett.  Foto: Håkon Mosvold Larsen/ NTB / NPK

Nyheter

Saker som omhandlar overgrep mot barn over nettet har vorte eit større problem dei siste åra, og dei siste seks månadane har politiet i Sogn og Fjordane oppretta 18 saker som omhandlar dette. No ber politiet foreldra om å følge med på kva barna gjer på nett, skriv avisa Firda.