Grete jublar for nytt human-etisk konfirmasjonstilbod i Bremanger

Human-Etisk Forbund tek sikte på å starte opp med konfirmasjonskurs i Bremanger i 2022.

– Eg ser fram til flotte kurskveldar med konfirmantar i Bremanger frå neste år av, seier Grete Berntzen.  Foto: privat

Nyheter

Tidlegare har konfirmantar frå Bremanger vore med på kurs og seremoni i Florø, men til neste år vil det vere høve for konfirmantane å delta på kurs og seremoni utan å måtte ta båten.