Satsar miljøvenleg

Skal legge miljøasfalt i Florø og får system for gjenbruk av byggematerial og møblar frå Skram skole

Det er kommunedirektør Terje Heggheim som i ei oppsummering av siste nytt frå Kinn kommune viser til at kommunen skal asfaltere Strandgata i Florø med nyutvikla miljøasfalt og at dei har kjøpt lisens for delingsplattformen Loopfront.

Kinn kommune har kjøpt lisens for delingsplattforma Loopfront og skal bruke systemet på gjenbruk ved Skram skole,   Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Miljøasfalt er nyleg utvikla, og nyttar bindemiddel basert på miljøvennlege alternativ i staden for bindemiddel basert på fossil råolje. Kvaliteten på asfalten er minst like god som tidlegare. På landsbasis er det etter innføring av miljøasfalt, estimert at ein kan kutte opp mot 80 prosent av dagens utslepp av klimagassar knytt til asfaltproduksjon, seier Heggheim.