I dag godkjenner dei prosjektplanen som skal oppgradere Gate 1 for over 62 millionar

I dag godkjenner prosjektutvalet i Kinn kommune prosjektplanen for oppgradering og fornying av Gate 1 i Måløy.

- Prosjektet er ein del av kommunedelplan for avløp og miljø 2019 - 2029. Området har eit stort behov for fornying av vassleidningsnett og veganlegg, og i samband med dette vil Kinn kommune gjennomføre oppgradering av veg-, vass-, avløps-, og overvatnsystem samtidig, skriv saksbehandlar Frode Ellingsund i sakspapira til møtet.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Gate 1-prosjektet, sjølv om det i hovudsak er eit VA-prosjekt, er vurdert til å vere av eit slik omfang at prosjektet blir lagt fram for prosjektutvalet. Prosjektet inneber også vesentleg byutvikling og standardheving av den kommunale delen av Gate 1.