Få tips til det gode hengekøyelivet på kysten

Då Anne Grethe blei sjuk for nokre år sidan blei hengekøya på altanen redninga

– Då eg møtte veggen for nokre år sidan, blei hengekøya på altanen flittig brukt. Det var ikkje var så mykje anna eg orka, fortel Strand. Sidan har ho brukt hengekøya så mykje ho kan, og trivst svært godt svevande mellom to stolpar.

Vombaneset: På Vombaneset ved Vågsvåg er det fint å ligge og høyre på bølgene frå sjøen heilt utan annan støy. For nokre veker sidan hadde Strand med seg ei venninne ut dit. – Eg måtte le litt av den eine kommentaren hennar, for medan vi låg der i kvar vår hengekøye, sa ho plutseleg «jøss, no skjønnar eg kva du meiner!» Eg har jo skrytt sånn av det hengekøyelivet. Alle foto: privat  Foto: privat

Nyheter

Fjellturane ho vanlegvis pleide å gå på blei i den perioden bytta ut med hengekøya, og sjølv om ho no er frisk er hengekøya framleis ein viktig del av livet hennar.