To generasjonar slåst mot planane om nytt industriområde

– Ei utbygging her vil skade bukvaliteten og forringe heile området

Innbyggjarane i Reset og Krakereid bustadfelt i Selje ønskjer ikkje utbygging av eit stort industriområde som er planlagt like ved bustadfelta deira. No går dei til kamp for å få det stoppa.

Hit men ikkje lenger: To generasjonar i Selje går no saman for å stoppe planane om eit nytt industriområde ved Bådane/Reset. Saka skal opp i formannskapet i Stad kommune torsdag.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

– Det er mange som nettopp har kjøpt seg tomt som ikkje har hatt aning om kva som er planlagt her sidan dette er ting som er blitt jobba med internt. Men så vart det plutseleg verkeleg, seier Atle Riksfjord, som representerer den yngste generasjonen med bustadbyggarar i området.