Ferietips i Norges vakraste region

Besøk den gamle prestegarden som har fått nytt liv

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

I samarbeid med Stad kommune, startar Kristina Myrseth, som til vanleg driv Vestkapp Restaurant, no kafé i den herskapelege prestegarden midt i Selje-bygda.

I kaféen vil dei servere vanleg kafémat som smørbrød, salatar, kake, is og kaffi. Alt vil sjølvsagt vere heimelaga. I prestegarden blir det også regionalt pilegrimssenter, og målet til alle involverte er å ta vare på både historia prestegarden har og pilegrimshistoria. Første gang prestegarden i Selje er nemnd i skriftlege kjelder er i 1350. Hovudhuset vart reist av allmugen i 1784, og har vore bustad for prestane i bygda. Både kafé og pilegrimssenter opna 5. juni.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.