Fylkeskommunedirektøren har tillit til at det blir rydda opp i arbeidsmiljøproblema ved skulen

Fylkeskommunedirektør Rune Haugsdal har tillit til at det blir rydda opp i utfordringane med arbeidsmiljøet ved Måløy vidaregåande skule.

Måløy vidaregåande skule  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Haugsdal er den øvste administrative ansvarlege i fylkeskommunen. Han er orientert om situasjonen ved Måløy vidaregåande skule, men kjenner ikkje detaljane i varselet, kartlegginga og rapportane som har kome ut i etterkant.