Ferietips i Norges vakraste region

Besøk hyttene høgt over havet

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Jannike Brenden Frøyen

Nyheter

På øya Frøya kan du nyte panoramautsikt frå ei helt spesiell hytte høgt oppe i fjellsida. Med sine store vindauge er stormhytta den perfekte plassen å nyte ein god lunsj medan ein nyt den unike naturen utanfor. Om du er heldig får du kanskje sjå ein av mange havørn flyge like forbi.

Her er det fint å vere både på varme sommardagar og på kalde og regnfulle dagar. Stormhytta er ein del av satsinga «stormwatching» som tilbyr unike opplevingar i all slags vêr.

Ein kan enten gå opp frå Nesje (ca. 3 km) eller frå Kalvåg (6,5 km).

Ei anna hytte ein kan besøke høgt over havet, er Vetehytta, den nye dagsturhytta i Bremanger. Den ligg på Veten i ytre Bremanger på om lag 527 meter.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.