– Ein minister på oppseiing bør forankre ny havbruksstrategi i Stortinget

Regjeringa skal leggje fram ein havbruksstrategi før sommaren fordi det hastar. Ein minister på oppseiing bør forankre politikken i Stortinget, meiner Ap.

Oppdrettsnæringa er på veg ut på storhavet med offshoreanlegg som Ocean Farm 1, som Salmar sette i drift utanfor kysten av Trøndelag for snart tre år sidan. No vil regjeringa leggje fram ein ny havbruksstrategi.   Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Nyheter

– Dette handlar om ei næring i rivande utvikling. Eitt mål er å få forvaltninga oppdatert med det næringa driv med. Det skjer ei utruleg utvikling både på offshore-havbruk, landbasert havbruk og i det kystnære havbruket, seier fiskeriminister Hans Emil Ingebrigtsen (H), til NTB.