Ferietips i Norges vakraste region

Sjå gatekunsten som fargelegg kystbyen

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Ein grå betongby omkransa av fantastisk vestlandsnatur og ei spennande kystkulturhistorie, var utgangspunktet til Tone Andal då ho bestemte seg for å satse på eit gatekunstprosjektet i Måløy og omland.

Første veggmåleri blei oppført i 2017, og fleire har etter kvart dukka opp. I dag kan ein telje atten veggmåleri av norske og internasjonale kunstnarar.

I Måløy sentrum finn du veggmåleri som Størja, Gullfiskaren, og det 275 kvm store veggmåleriet MS Moldøen.

For å få oversikt over alle dei ulike veggmåleria kan ein følgje streetartmaloy på Instagram og Facebook og nettsida til Tone Andal, Streetartmåløy.com.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.