Foreldre jobbar dugnad for skulane

– Ein stor takk til dei som står på

At foreldre er ein viktig ressurs for skulane i området er utvilsamt sant. Nyleg fekk Raudeberg skule forbetra uteområdet sitt då dyktige foreldre stilte opp på kveldstid. Og ved Skram skole i Måløy har foreldre heile denne veka stilt opp på flyttedugnad.

At foreldre er ein viktig ressurs for skulane i området er utvilsamt sant. Nyleg fekk Raudeberg skule forbetra uteområdet sitt då dyktige foreldre stilte opp på kveldstid. Og ved Skram skole i Måløy har foreldre heile denne veka stilt opp på flyttedugnad.   Foto: Privat

Nyheter

Foreldre til elevar ved Raudeberg skule stilte nyleg opp på kveldstid for å montere nytt klatrestativ på dugnad, så skulen skal vere oppgradert og forbetra til skulestart i august. Med mange på plass var det raskt og godt gjennomført.