Legg ut 400 nye timar for vaksinering i dag

No kan måløyfolk mellom 45 og 50 bestille time til vaksinering

– Fredag 18. juni blir det lagt ut nye timar for koronavaksinering 30. juni. Vi opnar samstundes for at du mellom 45-50 kan bestille deg time, opplyser leiar for vaksinetemamet i Måløy-delen av Kinn, Jeanette Jensen.

– Fredag 18. juni blir det lagt ut nye timar for koronavaksinering 30. juni. Vi opnar samstundes for at du mellom 45-50 kan bestille deg time, opplyser leiar for vaksinetemamet i Måløy-delen av Kinn, Jeanette Jensen.   Foto: Kinn kommune

Nyheter

Om du er i denne aldersgruppa, vil du motta ei tekstmelding med informasjon om bestilling av time.

Det blir lagt ut 400 timar, og det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld.

– Om ikkje alle timane er bestilt innan mandag 21. juni, vil vi opne for gruppa 18-24 og 40+ også.

Vaksineteamet opplyser at dei no er tilbake på 12 veker mellom første og andre dose.

– Intervall mellom 1. og 2. dose – med unntak av dei over 65 og dei i risikogruppa – er no endra tilbake til 12 veker.

Regjeringa og FHI har også bestemt at dette har tilbakeverkande kraft frå veke 20.

– Det vil føre til at du som fekk første dose i veke 23 og er under 65 år, og som ikkje er definert av lege som risikopasient, vil få endra tildelt time til dose 2 frå 9 til 12 veker. Dei dette gjeld vil få melding om ny time.

Per 17. juni er 6.520 personar vaksinert med første dose i Kinn kommune. og 4.812 av desse har også fått andre dose.