Har ledige plassar til dei yngre

Er du frå Måløy, og mellom 18 og 24, har du kanskje fått den etterlengta vaksinemeldinga søndag?

Fredag la Kinn kommune ut 400 timar til koronavaksering i Måløy-området for dei mellom 45-50. Men om det blei plassar til overs ville dei utvide til gruppene 18-24 og 40-44.

Fredag la Kinn kommune ut 400 timar til koronavaksering i Måløy-området for dei mellom 45-50. Men om det blei plassar til overs ville dei utvide til gruppene 18-24 og 40-44.  Foto: Kinn kommune

Nyheter

– Om ikkje alle timane er bestilt innan mandag 21. juni, vil vi opne for gruppa 18-24 og 40+ også, sa leiar for vaksineteamet fredag.


Legg ut 400 nye timar for vaksinering i dag

No kan måløyfolk mellom 45 og 50 bestille time til vaksinering

– Fredag 18. juni blir det lagt ut nye timar for koronavaksinering 30. juni. Vi opnar samstundes for at du mellom 45-50 kan bestille deg time, opplyser leiar for vaksinetemamet i Måløy-delen av Kinn, Jeanette Jensen.


Og søndag kveld har fleire fått tekstmelding med informasjon om bestilling av time. Det gjeld dei i aldersgruppene som ikkje har fått vaksine så langt, og skal ta første dose.

Det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld om ein har fått melding.

Ein er også no tilbake på 12 veker mellom første og andre dose, med unntak av dei over 65 og dei i risikogruppa.

I sommar er det planlagt vaksinering i følgande veker i Kinn:

Måløy: veke 26, 29 og 32.
Florø: veke 25, 28 og 31.

Per i dag er 6.520 personar vaksinert med første dose i Kinn kommune. og 4.812 av desse har også fått andre dose.