Lokkar med norske kvalitetsprodukt frå heile landet

Helge Hafsås frå Deknepollen i Vågsøy skal opne butikk i gate 1. Han satsar på å ha opne dører den 15.juli. Butikken skal vere i lokalet ovanfor radioforretninga sør i Måløygata.

Opnar butikk: Helge Hafsås vil lokke Måløyværingar med spekemat og kvalitetsmat frå heile landet.  Foto: Christina Cantero

Nyheter

Hos Helges Spekemat kan ein finne norske produkt frå små leverandørar og norske bønder. Alt ifrå spekemat til grønsaker, honning, syltetøy og flatbrød. Vi skal ha rundt 200 ulike varer i butikken.