Politiet gler seg til helga og håpar at det vert ein kort logg

- Gjer dette til ei flott helg for store og små, er oppfordringa frå politiet.

Ønskjer alle ei god helg: Politiet kjem med oppmoding før helga. Biletet er frå fjorårets sommarfest. 

Nyheter

– Det er kjekt med liv i gatene, vi gler oss! skriv politiet i Nordfjord i eit innlegg på Facebook.

I helga er det meldt mykje sol og varmegrader. I tillegg arrangerast det Sommerfest i Måløy, med ulike arrangement og konsertar.

– Politiet i Nordfjord vil vere synleg gjennom heile helga for å sørgje for at alle får ei kjekk oppleving, skriv dei.

Dei ønskjer også å kome med nokre alvorsord til følgjarane sine:

– Politiet ønskjer ikkje å sjå i loggen vår på måndag at det har vore ordensforstyrringar, valdshendingar, skadeverk, støy og uro. La heller loggen spegle att at alle har hatt ei fin avslutning på veka.

Til sist ønskjer dei alle ei god helg.