Ferietips i Norges vakraste region

Her kan du få spennande opplevingar på sjøen og i fjøra

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Anne Grethe Strand

Nyheter

Sjøbris Adventure byr på eventyrlege opplevingar gjennom leik og utfordringar på sjøen og i fjæra. Dei tilbyr blant anna coasteering, padling og yoga i Flow Studio i Måløy sentrum. I Flow Studio finn du også turistinformasjonen. I veke 25 og 26 arrangerer Sjøbris sommarcamp for barn i alderen 8–12 år.

Her får barna ein god dose moro og ikkje minst læring med fokus på tryggleik, sporlaus ferdsel og meistring. Er du på jakt etter adrenalinkick med høg fart og spenning eller kanskje ein spektakulær tur med slalåm mellom holmar og skjær i flotte omgjevnadar? Storm at Stad er et action- og eventselskap i Måløy som byr på spennande og morosame opplevingar i RIB-båt.

Koronarestriksjonar gjer at dei ikkje køyrer med full kapasitet, anna enn for kohortar, men selskapet legg til rette så det skal vere trygt for alle å reise på tur.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.