Årets fyrste cruiseskip la til kai i Måløy – turistar får oppleve nærområdet

Cruiseskipet SeaDream la til kai i Måløy i dag. Dette er fyrste i år som legg til kai her. - Vi har høyrt mykje fint om området.

Cruiseskipet frå SeaDream la til kai i Måløy. Turistane får gå i land og får delta på ulike opplevingar i området.  Foto: Fride Westvik

Nyheter

– Vi har aldri vore her før, men vi har fått tips om Kannesteinen, Refviksanden og Måløyraidsenteret, seier eit ektepar frå Oslo som gjekk i land.