Vil gi kundane mogelegheita til å nytte seg av bibliotektet utanom opningstid

I 2020 vedtok Kinn kommune at både Florø og Vågsøy folkebibliotek skal bli meiropne. Meirope bibliotek vil gje lånarane tilgang til bibliotekrommet utanom betent opningstid, slik at det vert lettare for folk å nytte biblioteket når det passar dei. No vil dei ha dette gjennomført.

Biblioteket i Måløy  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Då kan dei låne og levere inn bøker, ha tilgang til internett, publikums-PC-ar og skrivar. For tilgang signerer lånarar ein kontrakt og kan då bruke lånekort som nøkkelkort, står det i eit brev til Kinn kommune.