Ferietips i Norges vakraste region

Segl rett inn til hotellet

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Bremanger Fjordhotell har betongflytebrygger med gjestekai fint plassert i kommunesenteret Svelgen inst i Nordgulen.

Her er om lag ti båtplassar med moglegheit for straum og vatn. Toalettfasilitetar finn ein på hotellet. Nærleiken til Bremanger Fjordhotell gjer at ein kan nytte seg av hotellet sine fasilitetar. Her finn ein mellom anna kafé, restaurant og leikerom for barn.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.