Ferietips i Norges vakraste region

Nyt naturen og eit slag golf

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Golfbana i Selje ligg i eit naturskjønt område rett ved sentrum, inntil campingplassen. Bana har heilårsdrift, og sjølv om bana ikkje er så lang er den rekna som rimelig utfordrande. Bana har par 60 og mange «vasshinder» i nærleiken av greenane. Her er også driving-range. Kvar tysdagskveld køyrer klubben ei ni-holsturnering der alle er velkomne. Golfklubben tilbyr rimelig dagsgreenfee, og har ein ikkje utstyr, kan ein leige av klubben til ein rimelig pris. Då bør ein helst ta kontakt på førehand.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.