Treng fleire fosterheimar

Ti born i aldersgruppa 10-18 år ventar på fosterheim over heile Sogn og Fjordane. Borna treng fosterforeldre som har mykje omsorg å gje, og har eit  ønskje om å bidra til at eit barn kan få ei betre framtid.

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

– Vi i Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane er særleg på leit etter heimar som har erfaring frå eigne eldre born og som bur i eit område i nærleiken av ein vidaregåande skule, seier Hilde Yndestad Halland, avdelingsleiar ved Fosterheimstenesta i Førde.