Hoggormen er ivrig i år. Så mange har han bite så langt i sommar

Fleire enn vanleg har fått hoggormbit i juli. Det er uklart kva som er årsaka, opplyser Giftinformasjonen som har registrert 142 hendingar denne månaden.

Normalt er det ikkje nødvendig med legebehandling etter eit hoggormbit. Når nokon ringjer Giftinformasjonen, blir det gjort ei fortløpande vurdering av ein såkalla risikopasient, som normalt til dømes er barn, eldre eller gravide.   Foto: Terje Pedersen/ NTB / NPK

Nyheter

Allereie før juli er over er det registrert fleire førespurnader enn i førre toppår som var 2018, skriv Dagbladet. Då vart 137 bit i heile juli. I 2020 vart det registrert 125 førespurnader i juli, medan det i 2019 vart registrert 117.

– Det er oppsiktsvekkjande, seier avdelingsdirektør Mari Tosterud, avdelingsdirektør ved Giftinformasjonen, til Dagbladet.

Også i juni vart det registrert fleire bitne med 173 i år mot 137 i fjor. Så langt i år er det totalt registrert 421 hoggormbit. Det er normalt i august at det blir registrert mest bit.

Giftinformasjonen kan ikkje seie kva som er årsaka til at det er registrert så mange bit så langt i år.

– Vi veit ikkje om det betyr at det er meir hoggorm enn normalt, at fleire blir bitne, eller om det berre er fleire enn tidlegare som kontaktar oss, svarer Tosterud.

Normalt er det ikkje nødvendig med legebehandling etter eit hoggormbit. Når nokon ringjer Giftinformasjonen, blir det gjort ei fortløpande vurdering av ein såkalla risikopasient, som normalt er til dømes barn, eldre eller gravide.

– Mange får milde symptom og kan berre halde seg heime om dei ikkje er risikopasientar og ikkje har symptom, seier Tostrup i Giftinformasjonen.