Ferietips i Norges vakraste region

Ikkje fortvil om du kjenner det rumle i magen på besøk i denne kystbyen

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven. 

Nyheter

Det er ikkje farleg å bli svolten medan ein er på tur i Måløy-området. Om du får lyst på god, heimelaga mat kan du besøke Kraftstasjonen Restaurant midt i sentrum.

Havfruen på torgkaia er kjende for fiskeburgaren sin, og hos La Voile i Gate 1 kan du få både sushi og andre rettar.

Thailandske rettar kan du nyte hos Torget Mat eller frå matvogna til Nybakks Thaimat på fastlandet.

Kafeane Liljen i Måløy og Bakeriet i Deknepollen har ope, og både Splitt Bowling og pizzarestauranten San Marino tar imot svoltne gjester.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.