Fleire Stad-bygder får nye byggefelt

Stad kommune gjer klar nye bustadfelt fleire stader i kommunen. – Det er ei kommunal grunnoppgåve, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Viktig jobb: – Alle tomter skal ikkje vere kommunale, men vi treng ein miks av både private og kommunale prosjekt. Eg meiner at ein kommune som har ambisjonar om å vekse og ynskje nye innbyggarar velkomne, må ha tilgjengeleg eit best mogleg utval av kommunale tomter, seier Alfred Bjørlo.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Ordførar Alfred Bjørlo seier at status for bygder utanom Nordfjordeid i Stad kommune er at Kjølsdalen og Stårheim begge har klare nye kommunale bustadfelt. Stadlandet, Flatraket og Selje sentrum har bustadfelt, mens Bryggja, Haugen og Hjelle skal få kommunale bustadfelt. Ordføraren legg til at på Hjelle er det i dag eit privat bustadfelt, slik at det er tomter tilgjengeleg nær skulen.