Helsedirektoratet: 95 prosent overheldt karantenereglane i juni

Frå juni til juli sende Helsedirektoratet ut 59.400 rapportar om innreisande til kommunane. 95 prosent følgde reglane, ifølgje direktoratet.

Frå juni til juli sende Helsedirektoratet ut 59.400 rapportar om innreisande til kommunane. 95 prosent følgde reglane, ifølgje direktoratet.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Nasjonalt kontrollsenter, som ligg under Helsedirektoratet, rettleier og kontrollerer at reisande til Noreg etterlever karantenereglane ved innreise til landet. I ein fersk rapport som er levert til Helse- og omsorgsdepartementet, opplyser dei at rundt 116.000 innreisande har vorte ringde til og kontrollerte i perioden mellom 7. juni og 4. juli, og 86.000 av telefonsamtalane vart svart på.