22. juli-markeringa:

– Vi må vere soldatar for det vi trur på

I år er det ti år sidan den tragiske hendinga på Utøya og i regjeringskvartalet. I Kinn kommune blei dette markert både i Florø og Måløy.

I år er det ti år sidan den tragiske hendinga på Utøya og i regjeringskvartalet. I Kinn kommune blei dette markert både i Florø og Måløy. Frå venstre: kommunedirektør Terje Heggheim, leiar i Kinn Ap Solveig Willis og ordførar Ola Teigen.  Foto: Fride Westvik

Nyheter

«Mister vi likeverdet mister vi det som gjer oss til eit samfunn. Erfaringane med ekstremisme må ikkje teiast, men diskuterast og møtest med motstand. Her har vi alle eit ansvar. Vi må vere på post for likeverd og menneskeverd. Vi må vere soldatar for det vi trur på.»