Står på venteliste

Henriette og Mathilde er skuffa etter fyrste inntak: – Det burde vere påbygg her også

Venninnene Henriette Fløysand Kvalheim (18) og Mathilde Eksund Olsen (18) frå Måløy søkte påbygg ved Eid vidaregåande skule fordi det er nærmast Måløy. Men dei kom ikkje inn. No står dei utan skuleplass til neste år, og dei er ikkje åleine.

Frå venstre: Henriette Fløysand Kvalheim og Mathilde Eksund Olsen.  Foto: Fride Westvik

Nyheter

– Eg fekk sjokk då det stod at eg var på venteliste. Eg følte meg ubrukeleg seier Henriette Fløysand Kvalheim.